BAKGRUNN

BESTILL TIME

OM OSS

KVA ER FYSIOTERAPI?

 

Tysnes Fysioterapi

Klinikken har lyse og hyggelege lokale ved Våge kai i Tikobygget, 3.etasje (inngang frå baksida) med herleg utsikt over båthamna. Fysioterapiklinikken har felles inngang og venterom med Bjørnefjorden Tannlegepraksis.

 

Behandlingstilbodet er breidt, og ein tek i bruk nyare, anerkjente

behandlingsmetodar som til dømes trykkbølgebehandling. Elles brukast
blant anna Skanlab vekselstraum og laser.

 

Fysioterapi-klinikken innehar to separate behandlingsrom for individuell behandling samt eit velutstyrt treningsrom med eit

 

godt utval av utstyr spesielt tilpassa rehabiliteringsbehov, som fleire toppmoderne HUR treningsapparat.

 

Pasienten kan få utarbeidd eit personleg treningsprogram for bruk ved klinikken eller heime. Fysioterapeuten ved klinikken er sertifisert Fysio-Pilates-instruktør, og bruker blant anna Pilates-øvingar i slike program.

 

Ved Tysnes fysioterapi har fysioterapeuten avtale med det offentlege (Tysnes kommune og Helfo), og dette gir pasientane alle offentlege trygderettar knytt til behandling, frikort  og transportrefusjon. Vidare er det ifrå nyttår 2018 ikkje lenger krav om henvisning for å få fysioterapi på desse vilkåra.

Opningstider:

  Daglig kl. 8.30 - 14.30 utanom onsdag.

Evt. ope etter avtale utover dette.

For tida er vi to fysioterapeutar som jobbar ved klinikken:

Maria Cecilie Haaland - ung og lovande - tirsdag og fredag

Ingunn Langlo Tho - måndag og fredag.

 

Smittevern-tiltak:

 Pasientar utan timeavtale kan ikkje  kome direkte inn på klinikken eller til felles venterom.

Ta derfor kontakt gjennom heimesida eller ring/send SMS til telefon 901 36 971 (Maria)
eller 468 27 643 (Ingunn) for timebestilling eller spørsmål.

 

Ver vennlig å lese oppslag på ytterdør og inne når du så kjem til fyrste avtale,
og fylg dei smittevernreglane du finn å lese der.

Kva er fysioterapi?

Fysioterapeutar er autorisert helsepersonell og har eit sjølvstendig vurderings- og behandlingsansvar i pasient-/klientsituasjonar.
Vi er underlagt Helsepersonellova, som bl.a inneber at vi skal utøve
fagleg forsvarleg fysioterapi.

 

 

Fysioterapeutar kan arbeide som sjølvstendig næringsdrivande med
eller utan avtale med kommunene. Vi behandlar eit breidt spekter av pasientar i alle aldrar frå kortvarig opptrening etter skade eller operasjon til menneske med samensette og/eller kroniske lidingar som treng oppfylgjing over lang tid.

 

Fysioterapeuten sitt kunnskapsfelt er kropp, bevegelse og funksjon.
Det teoretiske grunnlaget for fagutøvinga er forankra i naturvitskapleg, samfunnsvitskapleg og humanistisk kunnskap og ei erkjenning av at det er mange ulike faktorar som er med på å oppretthalde helse, og som bidreg til funksjonsnedsetting, smerte og sjukdom. Fysiske og psykiske påkjenningar og belastningar kan gi kroppslege utslag og bidra til sjukdomsutvikling. Kroppslege plager forstår ein derfor i lys av hendingar og opplevingar gjennom livsløpet, noverande situasjon og sosiale og kulturelle forhold. Denne forståinga dannar grunnlag for vurdering av korleis sjukdom og plager i bevegelsesapparatet kan oppstå, behandlast og førebyggjast.

Bakgrunn

INGUNN LANGLO THO, FYSIOTERAPEUT

Bachelor i Ernærings-fysiologi ved Universitetet
i Oslo (1977).

Bachelor i fysioterapi ved Høgskolen i Oslo (1980).

Ulike etter- og vidare-utdanningsurs, blant anna
i motorisk utvikling og

kommunale fysioterapi-

tenester, og Fysio-Pilates-kurs med sertifisering som Fysio-Pilates-instruktør. Har tidlegare jobba som fysioterapeut  ved Kysthospitalet i Hagevik og Ålesund Sykehus, som kommunefysioterapeut i Tysnes kommune (skule-helseteneste, helsestasjon,

heimebehandling, Tysnes
Sjukeheim) og har drive
med terapiriding.

 

Sjølvstendig næringsdrivande fysioterapeut sidan 2003.

Bestill time

I samband med f. eks. eit treningsopplegg er det ofte aktuelt med kosthaldsvegleiing, noko mine pasientar kan få utan ekstra kostnad.

 

Legg inn namn og e-postadresse så tek eg kontakt for nærare timeavtale. Alternativt kan du ringje eller sende SMS til: 468 27 643

Submitting Form...

The server encountered an error.

Form received.

 

Tikobygget, Teiglandsvegen 3 Ope: Alle kvardagar 8.15 - 15.30

 © Marita Bakke  Foto: Camilla Korsnes Foto